onsdag 29. juni 2016

Bursdagstag

Hei hei:-) I dag viser eg ein veldig enkel bursdagstag. Alltid kjekt med bursdagskort som kan gå raskt å lage:-)

Eg elsker å leke med gelli plate og akrylmaling og har som regel mange tags eg har trykka på. Dei er jo veldig kjekke å ha liggende til seinare prosjekter:-)


Eg har limt to tager sammen og pynta dei enkelt. På forsida har eg brukt dei nye utstansede orda og stjernefigurene som eg har embosset og hatt glitter på. Baksida har eg kun stemplet på og spart plass til ei lita helsing til bursdagsbarnet:-)


Produkter:
Utstansede ord og figurer: PD 16163 Stjerner, PD 16166 Gratulerer 2 
Stempel: PD 14921 Når du blir gammel





1 kommentar: