Februarutfordringen

søndag 15. mai 2016

Tutorial på mixed media tagbok

Hei hei:-) Håpar alle nyter pinsen med venner og familie, og kanskje litt scrapping?

I dag har eg ein steg for steg tutorial på ei enkel tagbok. Det er vel egentlig forsida eg har laga tutorialen til, innsida består av tags eg har brukt gelli plate printing på. Når eg først tar fram gelli plata blir det maaaaange trykk. Då er ei slik bok perfekt å lage, og i denne skal eg samle ferieminner.

Først ein liten smakebit av den ferdige forsida:-) Håpar dåke liker den og får lyst til å prøve noko lignande:-)


Det første du gjer er å brette ein tag i to, bruk gjerne ein stor tag. Det er lurt å legge eit ark inni for å beskytte tagen fra å klistre seg sammen eller søle inni. 


Lim på osteklut og silkepapir med trykk (evt stempel) på bakgrunnen. Du kan og bruke bokark. Her er det lurt å bruke gel medium eller decopage lim og påføre med pensel.


Lim på litt resteark og meir silkepapir eller bokark. Dersom du har clear gesso er det lurt å ta dette på heile forsida for å lage ein god base for misten som kommer seinere.


Inni boka har eg lagt ein bunke med tags, bruk gjerne tags du har brukt til å prøve ut teknikker o.l. Dei er festa enkelt med stiftemaskin:-) Her skal eg lime inn små bilder og ferieminner seinere. 

Så kan du fortsette på framsida. Her har eg brukt kakeserviett, treord, blonde, skjell og fersvannsperler. Det er viktig å bruke ein sterk lim og la den tørke godt.


Så har eg påført gesso over heile forsida. Legg på eit tynt lag slik at du ikkje dekker til alt. Du kan gjerne gå over med ein våtserviett etterpå for å få litt ulike nyanser på bakgrunnen. Pynten får og litt gesso på seg for å få feste til misten. Eg har og dryssa litt embossing pulver rundt om kring og varma det opp,.

Så er det klart for mitt favoritt steg, nemlig mist! Eg er veldig gla i glimmermist. Dei ulike fargene går så godt sammen uten at det berre blir ei brun smørje;-) Det er lurt å spraye litt vatn på bakgrunen og holde misten nærme der du vil ha farge. Gjer dette i fleire lag og tørk godt mellom kvart lag.

Her har eg blanda litt gesso med vatn og splætter på med ein liten pensel. Splætt gjerne litt med mist og:-) 

 Sånn blei forsida mi:-) Kjekt med ei lita bok å sjå i når ein vil drømme seg tilbake til ferien:-)

 Baksida har fått litt mist og enkel pynt i form av eit klistermerke.
Boka inni er ikkje påbegynt enda. Eg har ikkje heilt bestemt meg enda for om den skal kles med mønsterark eller berre tekst fra ferien.
 Og så eit lite detaljbilde til slutt. Eg virkelig ELSKER korleis skjellene blir når dei får litt herlige farger på seg:-)

Produktliste: 
Resteark
Pynt: Trefigurer PD 14956 sommer, klistermerker PD 15046, Perfekt, blonder, kakeserviett, 

Takk for meg, håper dåke likte det:-)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar